Me møtast for å møtast! Ta gjerne med noko handsyssel, om du skulle driva med det.
Kva det skulle vera? Det bestemmer du heilt sjølv. Viss du ikkje har noko behov for sysling, så kom å ta ein kaffi med oss då vel.
Alle er hjartleg velkomen mellom klokka 18 og 21 .
Ta med ein ven, venninne, tantungar, kjæreste, onklar eller kven det skulle være!
Vi opererar ikkje med alder, kjønn eller på anna måte kunstige kategoriar, ikkje eingong geografi spelar inn. Bur du i Sogndal eller på Leikanger er ikkje det ei hindring for oss Kanskje dette kan være ein fin måte å være saman på? Kom då vel, så prøver me!